Discussion:
Astra 19,2 og skjult antenne
(too old to reply)
Jardar Eggesbø Abrahamsen
2007-02-12 14:25:53 UTC
Permalink
Jau, så har me altså hatt antenna vår nokre veker, og får inn Thor, Sirius
og Hotbird. Saknet etter Astra varierer mellom å vera stort og å vera
lite, men det er der.

Å flytta antenna ein meter vestover på verandaen kunne ha gjeve fri sikt
til Astra, men det er uaktuelt fordi antenna då vert synleg for naboane i
burettslaget. Dessutan blæs det noko innmari der.

Ei campingantenne på 40 cm plassert under gelenderet ein meter lenger vest
kunne kanskje vera verdt å prøva dersom lokalkjende parabolfolk
(Trondheim) seier at det vert bra nok. Men då har me plutseleg to
parabolar, og det har me jo ikkje søkt om (og vil vel neppe få innvilga
heller).

Så finn me denne lekre her:
http://www.precon.com/sat/antennen/antenne_cubsat.htm

50 cm, 34 dB
70 cm, 36,2 dB

(Av det eg les på tyske forum, er reflektoren noko meir effektiv enn ved
andre antenner fordi han kunne lagast av eit anna stoff, ettersom han vert
verna mot vêr og vind inne i den boksen.)

Desse antennene, medrekna den minste, er berekna på kontinental marknad
(Tyskland/Frankrike), men lyngsat-maps fortel at Trondheim ligg innanfor
50 dBW på dei fleste/viktigaste transponderane, til liks med Tyskland. Til
dømes denne (Astra 1H): http://www.lyngsat-maps.com/maps/astra1h.html

Spørsmålet er då -- for Tyskland ligg jo meir midt i nedslagsfeltet enn
Trondheim gjer -- om ein kan rekna med at ei antenne som fungerer mot t.d.
Astra 1H i Tyskland, òg fungerer like bra i Trondheim. Og kor mykje har
ein å gå på, liksom, når Astra 1KR har 50 dBW i Tyskland men ca. 49 i
Trondheim?
http://www.lyngsat-maps.com/maps/astra1f_vnb.html

For denne skal det kanskje halda hardt uansett:
http://www.lyngsat-maps.com/maps/astra1f_vnb.html
?

Jardar
--
Eit fyseleg, humsk, hyrleg, smakeleg, forskamma og høvla ty
med fatteleg mange bønhøyrlege lemper.
Daniel Jung
2007-03-13 10:45:23 UTC
Permalink
Post by Jardar Eggesbø Abrahamsen
http://www.precon.com/sat/antennen/antenne_cubsat.htm
... eller http://www.cubsat.com/cubsatv6.htm på cubsat.com som vel er
opphavet? (NB: fransk)

Interessant. Sjå òg "fire quad for gratisprogrammer på Sotra/Bergen" som
eg la inn i går.
Post by Jardar Eggesbø Abrahamsen
--
Eit fyseleg, humsk, hyrleg, smakeleg, forskamma og høvla ty
med fatteleg mange bønhøyrlege lemper.
...............^^^^^

Skulle til å føreslå "tallege", men her bristar logikken...

- Daniel

Loading...